Medan kvardagen ser grei ut nærmar jula seg med den vanlege kjensla av at “alle andre” er normale etter den målestokken eg brukar.
Som låglønt er eg lite meddelsam ute mellom folk, vel vitande om at eg ikkje er av dei som vert høyrde likevel. Og så kjem dette som vert tydelegare år for år. Som jordbruksarbeidar ser eg at husdyr går ute gjennom vinteren, og kanskje frys i hel, medan eigarane har som prioritet nummer to å leite etter dyra. Prioritet nummer ein er å unngå at media og mattilsynet skal få vite om det som går føre seg. Her kan ein gjerne heve peikefingeren, men eg har sjølv fått piggane ut mot samfunnet. Som fråfallen miljøentusiast driv eg og fotograferer fuglar, blomster og anna ute i terrenget. Før fann eg glede i å rapportere om funna mine til den som ville høyre på. No er eg vag med å berette, og ser for meg ei framtid der fjella er reserverte for eliten, og dei spennande fjellblomstane vert flytta til eliteløyper, eller berre utraderte.
Men eg pyntar og lagar stemning. Så får jula få det innhaldet eg legg i desse dagane.
Er du sikker på at det er lønnen din som er årsaken, og ikke noe annet?
Er ein fødd keisam kjem ein seg ikkje fram og endar med låg inntekt, og har ein låg inntekt vert ein rekna som keisam. Det går i ein sirkel, som med høna og egget. Det går godt an å resonnere seg til at eg er låglønt fordi eg er fødd keisam.