Då eg var ung likte eg turar i skog og mark veldig godt, og gjekk gjerne på fjelltoppar. Slikt var ikkje berre velsett, å bruke energi på unyttige aktivitetar. Ofte kjende eg meg som ein fortidslevning frå den tida folk nytta utmarka, berre at eg var mest oppteken av å sleppe vekk frå folk.
I alt dette såg eg på meg sjølv som ein som dyrka motkultur. Kvinnene som synte interesse for friluftsaktivitetane mine var dei som i unge år gjekk til seters, og som elles var vane til mangt slags arbeid, også tungarbeid. Desse var ein generasjon eller to eldre enn eg.
No er det nesten ei motesak å gå på toppar, og syne bilder av seg sjølv ute i naturen. Og kvinnene tek tunge tak i sport og treningsstudio.
Dei snakkar fint om friluftsliv for alle, men grunnen til at friluftsliv har vorte populært er at vi avskyelige karane som gir dårleg rykte til alt vi rører borti no har vorte skuva ut i bakgrunnen. På ei slik nettsida talde eg bilder av fire menn og fjorten kvinner. Berre det seier ein del.
Dermed må eg finne nye måtar å uttrykke motkultur på. Heldigvis kan eg gjere det utan å endre på så mykje.