Vaks opp med ei sterk interesse for naturen, med fuglar og anna som var å observere. Og så brukte eg naturen som ein fristad frå eit samfunn eg ikkje fann meg til rette i.
På leiting etter fellesskap var eg innom turistforeininga og trudde at eg kunne bli sosial der. Men no er det lenge sidan eg ga opp DNT. Slik gjekk det også med dei andre naturinteressene mine. Eg klarer å finne andre folk på nettet som finn glede i å ta bilder av fuglar og blomster. Likevel kjenner eg meg utdatert og marginalisert.
Det har gått dithen at eg no framstår som miljøskurk som ser på allslags grøne tiltak med mistru. Slik gjekk det då dei normale og attraktive invaderte fristaden min. Som ein mann sa det: “I politikkens verden fins det ikkje endelege vedtak.” I staden for å vere sur fordi eg er skuva ut finn eg glede i å ha noko å vere imot. Betre å vere tverr på ein aktiv måte.`