Sluke kamelar

Utad ser det ut til å vere stor interesse for naturen ute mellom folk. Ser ein nærare på det handlar det om at naturen skal vere langreist, slik at eliten kan hovere over underklassen og fortelje frå ein natur som er passelig eksklusiv og utilgjengelig.
Her har eg ramla skikkeleg av lasset. Etter å ha gått turar og sett på meg sjølv som ein ekspert på det ein finn, er eg no grundig utkonkurrert. Tanken er både passiviserande og deprimerande. Her må det tenkast nytt. I omgangskretsen min er der nokre som eg før ville ha kalla natursvin. Dei klarer til og med å få plass i lokalavisa med rotet sitt. Det er desse som no spør etter meg, når eg elles møter kalde skuldrar. Ei heilomvending, sluke nokre kamelar, og eg finn livsglede i å ha noko å vere i mot. Men først må fiendebildet på plass.
Der eg før gjerne ville rapportere frå naturen ser eg no føre meg folk som ser ned i mobiltelefonane sine og leitar opp alt det spennande der, i staden for å drive naturobservasjonar på den truskuldige gamlemåten, slik eg gjer. Framstillinga treng ikkje vere heilt korrekt. Viktigast er det at eg sluttar på banke på stengde dører. Eliten kosar seg når dei utstøytte bankar på døra og vil inn, i staden for å leite etter alternativ.