Eit liv som tapar

Dropout passar like godt som looser. Gjekk ned på nedste lønstrin for å finne meg arbeid. Har gjennom livet gått mange lange turar i fjella. Dette byrja eg med då eg miste hår. Før var eg meir interessert i å klatre. (I ettertid ser eg at rekkefylgja vart slik). At eg har vore skalla er berre ein av grunnane til at eg ikkje finn på å ta selfie av meg sjølv på fjelltur, slik som meir attraktive folk yndar å gjere.

I ungdomen kalte eg meg gjerne vennelaus, sjølv om det ikkje er heilt sant. No er der eit fåtal som eg godt kan kalle vener, pluss at eg står på godfot med mange.

Ute i naturen har eg gått på tvers av det akseptable. Det var slik då eg var ung. Å ta på ryggsekk og gå fottur var det eit mindretal som gjorde. Andre som dreiv med slikt kallar seg «stygge andungar» når dei ser attende.

No er det populært å gå fottur. I eit avisoppslag nyleg presenterte ei gruppe personar eit tiltak for fotturar. Og kvinneandelen blant desse personane: 85 %. Ikkje rart media er begeistra. Mindretalet (mannfolka) er sjølvsagt slike med pengar og status i rimeleg mengde.

Då eg var ung var der mange nok kvinner som sette pris på interessa mi for fotturar. Det var slike som hadde gått til seters i ungdomen. Med andre ord, no er dei forlengst borte. Og desse kvinnene som no let seg fotografere med hendene over hovudet og framstiller seg som banebrytande lever ikkje i mi verd. Media underslår at bygdekvinner gjekk til fjells før i tida, når dei kjempar for agendaen sin om at kvinnene skal ta over i fjellet. Den diskrimineringa dei tillegg fortida kjempar media i røynda for å innføre her og no.

Det er greit å kalle seg tapar, men ein kan bruke ordet diskriminert i staden. Då har ein gleda av å vere imot diskriminering. I arbeidet har eg motkulturen inne i ei viss meng. Fritida må eg passe på. Etablissementet fortel: «Du er ein tapar! Prøv i det minste å kjempe deg litt oppover!» Då er det fare for at ein kjem til å gå etablissementet sitt ærend. Eg slutta å drive naturrapportering fordi opplysingane går inn i ein lite tilgjengeleg database til bruk for ein eller annan elite. Der er andre nettstader der eg kan legge ut bilder og slikt frå fritida mi, der preget av elite er null. Valet står mellom å (forgjeves) kjempe seg oppover og late seg utnytte, kontra å oppsøke motkulturar.