Då eg vaks opp søkte eg ivrig ut i naturen, og braut uskrevne reglar for folkeskikken. Å gå ut berre for å nyte fuglesangen er ikkje så matnyttig. Dertil prioriterte eg å gå lange fjellturar i veka for så å late meg på søndagen. Dette harmonerer ikkje med norma om at ein skal arbeide seks dagar og kvile minst mogleg. For mange er kviledagen den minst heilage. Kan seie det slik at eg var tidleg ute med å bruke mykje energi til unyttige aktivitetar, noko som med mekanisering og tekniske framsteg har vorte meir vanleg med tida.
Det verkar underleg for meg å sjå alle desse facebook-profilane med folk som står oppe på eit fjell med hendene over hovudet, eller i situasjonar som liknar.
Om eg ikkje lengre er like ekstrem kjem eg til å halde fram med å sky folk ute på tur. Og når eg ikkje gjer det passar eg på å synleggjere at eg står for noko annleis og utskjelt. Alternativet er å vere sjølvutslettande.
Det er du selv som hevder dette er en norm, og refererer til folkeskikken. Hva vil du egentlig frem til her?
Eg fekk mykje kritikk og utskjelling for latskapen min då eg vaks opp. Hardt arbeidande menneske vart nærast hylla, og med god grunn. Dei har fått til mykje. Men dette har ei bakside. Idrettsfolk har fortalt om det. Idrett skulle vere ein leik, og berre det. Fedrene syntest lite om at sønene la ned mykje energi i idrett. Det var eit spørsmål om å ta seg tid til å trene, og sjå seg råd til å kvile. Dette er ein del av grunnen til at idrettsprestasjonane er større no til dags.
No er eg så gammal at det eg refererer til er haldningane til dei eldre, og for ein stor del til farne generasjonar. Kjernen i dette er at eg fekk mykje hån i ungdomstida, og mest frå den yngre garde på kvinnesida. Dette endrar seg ikkje. Eg kjem til å vere ein utsidar og dropput same kva som vert populært. Andre som dreiv med tindebestiging fortel at dei har gått frå å vere stygge andungar til å bli svaner. Ikkje eg. Eg finn nye måtar å vere på utsida på.
Ja, dette trykket på at ens verdi ligger i å arbeide/hvor hardt man arbeider er slitsomme greier. Først og fremst fordi det er en bedømmelse gjort utifra hva folk ser, ikke den faktiske innsatsen i livet. Vi er ikke skapt likt på energifronten. Men slik er det, vi vil ha mennesker som durer frem i livet, med et ustoppelig batteri.
Hvis du ikke tok oppgjøret med de gamle før de dro, er det ikke så mye å gjøre med det, annet enn å være et bedre eksempel selv.