14 år vart kasta bort då mannen min reiste på helgetur med elskaren sin

Eg har levd i eit ekteskap i 14 år med ein mann eg trudde eg kunne stole på. Sidan april har eg visst at han har hatt eit forhold til ein yngre italiener. Eg har tatt det opp med han fleire gonger og prøvd å forklare kva det gjer med meg. Eg har sagt kva eg treng for å kunne vere i eit ekteskap: nærleik, samarbeid, kjærleik, respekt. Eg har prøvd å få oss tilbake til kvarandre, men eg har stått aleine i det.

Denne helga sa han at han skulle til Stavanger for å besøke ein barndomsvenn. I dag fekk eg vite at han reiste dit med elskaren sin. Etter månader med uro og forsøk på å redde noko som allereie var i ferd med å rakne, var det som om kroppen min berre sa stopp.

Eg tok det opp med han i ro. Eg var ikkje sint og eg var ikkje dramatisk. Eg var ferdig. Eg gav frå meg gifteringen og endra status i sosiale medier til separert. Det som kanskje gjorde mest inntrykk på meg var at eg enda opp med å trøste han då han fekk panikkanfall. Midt i mitt eige sjokk og kvalme sat eg og regulerte han. Det seier mykje om kor skeivt dette forholdet har vore og kor mykje ansvar eg har tatt for følelsane hans gjennom alle desse åra.

No sit eg i stova og kjenner kvalme, uro og ein slags nummenheit. Eg har grått, men mest av alt kjenner eg at eg har fått nok. Eg har prøvd så lenge. Eg har sagt frå så mange gonger. Eg har vore open om kva eg treng og kva som gjer meg vondt. Til slutt var det han som valde bort oss, og i dag valde eg å ikkje la det halde fram.

Eg treng berre å få det ut. Å setje ord på det. Å puste litt. Kanskje nokon kjenner igjen denne blandinga av sjokk, sorg, lettelse og tomheit. Eg veit at eg kjem meg gjennom det, men akkurat no er det tungt.

Hvordan går det med deg? Synes det er bra å lese at du vet det kommer til å gå bra med deg.

Akkurat nå leser jeg “Det er slutt” av Sissel Gran. Det at en tar opp og sier fra hva en trenger fra den andre for å kunne føle seg elsket, blomstre og føle seg fri i dette ekteskapet/forholdet, og da ikke blir hørt av den andre, er jo en veldig vanlig grunn til at det blir slutt. (Ifølge boken og Sissel Gran, og hun burde jo vite det siden hun er terapeut). Du ønsker deg jo også helt vanlige og sunne forholds ting. Som nærhet, respekt, kjærlighet… Han, din nå eks mann, har iallefall ikke respektert deg, siden han var utro mot deg.
Det virker som om du har vært den sterke mannen i forholdet også. Og at din mann har trengt deg til å lene seg på.