Utdanning, røyking og alkohol

Ein omfattande studie i mange land syner at det å ha kort utdanning utgjer ein helserisiko på linje med å røyke, eller drikke mykje alkohol.
Studien viser ikkje om det er usunt å ha sosiale ulikskapar tett innpå seg. Den som har ei kort utdanning (eller enda verre; sit med ei ubrukt utdanning) kan ta nokre valg. Ein styrer vekk frå folk med mykje utdanning eller mykje pengar og held dei på passande avstand. Men berre dersom ein ikkje har fleire sjansar til å kome seg inn i samfunnet. Eg er fråhaldsmann og meiner livet er best når eg held meg vekk frå røyking, alkohol og folk med lang utdanning. Det siste dog med måte.