Ut på reise

Når praten kjem inn på reising gjer eg meg usynleg. Ein kompis driv framleis og masar om reiser. For tolv år sidan ville han ha meg med til utlandet. Eg sa at eg fort kan hamne i fengsel, og at han burde finne betre reisefylgje. Tre år seinare kom han i fengsel i utlandet. Og han er meir straumlineforma enn eg.
Veit at eg framstår som ein keisam person. Eg må nok halde fram med å forsvare at eg trivs best blant dei som er keisame typar, og at eg heller snakkar om filleplassar andre ikkje bryr seg om. Og at eg heller brukar pengane til noko koseleg, i staden for svelte, sove ukomfortabelt og skaffe meg pengesorger, berre fordi eg skal prøve å få innpass mellom dei som hoverer med å syne seg som reisevante.