Eit engelsk ord seier at ein mann har det aldri så travelt at han ikkje har tid til å prate om kor travelt han har det. Sjølv synes eg at eg knapt har anna enn arbeidsnarkomane rundt meg. Snakkar om at dei “arbeider døgnet rundt”, og blir kanskje sure når eg vil verne meg sjølv og seier at eg har gjort “nok for i dag”. Dersom eg ikkje sluttar i tide vert eg mindre effektiv, og då får eg ikkje gjort meir likevel.
Klarer ikkje å sette meg inn i deira situasjon, men det verkar meiningslaust å arbeide seg halvt halvt helselause for noko som ikkje er meir etterspurd enn at det knapt er lønsemd i det.
Sjølv arbeidde eg altfor mykje altfor lenge. Til slutt kom eg på ei super oppskrift: Gi opp.
Eg stod med ei masteroppgåve som synte seg unyttig. Denne kasta eg i søpla til siste papir. Hardt arbeid skal eg styre unna.