Sjølvvald einsemd

Ynskjer langt i frå å vere einsam, men likevel er det sjølvvald. Har gått i skog og mark, og vore glad for å ha nokon å meddele meg til, at der har vore andre som har hatt interesse av mine observasjonar. Dessverre kan desse personane katalogiserast som utdøydde og utdøyande. Alternativet har vore å plassere meg trygt i flokken og slenge konkurransedyktige spydigheiter mot, ja nettopp, desse som har gått eigne vegar. Men eg angrar ikkje. Heller gå som eit fossil, enn å tute med ulveflokken.

Så utrolig fint skrevet…
Jeg har alltid vært på en måte vært som mannen mot stormen, slitsomt men verdt det.. Men det er vondt å føle seg ensom..