Å overdrive i begge retningar kan vere ei dårleg løysing. Hardt arbeid har ikkje ført noko godt med seg for min del. Også når det handlar om slanking ser eg at ein dose latskap må til. For mykje trening gjer at kroppen vert seig og misser farta. Noko som igjen set ned forbrenninga, utan å setje ned appetitten. Teorien kan vere noko usikker her, men praksisen syner sitt. Forma kjennes betre. Og beltet fortel at denne forma for slanking verkar.