Ansikt og uttrykk

Såg nyleg i eit TV-innslag at ein utanlandsk lærar som underviste i vidaregåande syntes at det var vanskeleg å tyde ansikta til dei norske elevane og undra seg på om dei hang med eller ikkje. Han brukte uttrykka «kortene tett inn til brystet» og «pokerfjes» om elevane.
Endeleg nokon som ser det slik eg ser det. Eg brukar uttrykket «pokerfjes og korta inn til brystet» ofte. Slik forklarar eg kvifor eg held meg vekke frå sume sosiale samanhengar, eller oppfører meg sært. Betre å hoppe i det og dumme seg ut i andre sine auge, enn å studere fjes for å spekulere i kva slags baktankar der er bakom fjesa. Stereotypien om at nordmenn er «kjølige», «beherska» osv seier lite.